Top

Festival med fokus på menneskerettigheter

January 27, 2010

aurelio_martinez_250

 

 

 

 

 

Med temaet fridom og undertrykking set den 21. Førdefestivalen fokus på musikarar som kjempar for menneskerettane sine, og kulturar sin kamp for å overleve.

Sjølv i 2010 er det nemleg slik at mange musikarar opplever hindringar mot å utøve musikken sin, og nokre av dei får vi møte på Førdefestivalen i juli.

Musikkens kraft – og sprengkraft

- Kunst og kultur er basis og kjennemerke for alle verdas sivilisasjonar, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. Difor kan kunst, ikkje minst musikk, også vere provoserande og farleg. Musikarar og einskilde musikktradisjonar har opp igjennom historia opplevd sensur, forfølging og undertrykking av politiske, religiøse eller andre grunnar.

Minoritetskulturar, urfolk, musikarar som opponerer mot samfunnets makthavarar; det er mange som har kjent undertrykking på kroppen, og den foregår også i dag.

- Å få utøve sin musikk og musikktradisjon fritt er ein viktig del av ytringsfridomen, difor er det også viktig å sette fokus på dette temaet, meiner Bjørkum. -Men, dette blir ingen dyster og gravalvorleg festival, om nokon skulle frykte det! Vi vil hylle musikarar som ikkje lar seg kneble, feire musikkens enorme kraft og overlevingsevne og presentere unike musikktradisjonar som er høgst levande i dag trass i forsøk på undertrykking og utrydding.

– Så, vi inviterer publikum til å nyte mangfaldet, fellesskapet, rytmane og sommaren, nett slik vi vil at det skal vere på ein internasjonal festival, seier Bjørkum.

Førdefestivalen i bresjen

I følge Ole Reitov, programdirektør i Freemuse – The world forum of music and censorship, er Førdefestivalen først ute blant musikkfestivalar med å sette særskilt fokus på dette temaet.

– Freemuse, som har hovudsete i København, gjer eit viktig dokumentasjons- og informasjonsarbeid på dette feltet, meiner Bjørkum, og vi er glade for å kunne samarbeide med dei. Om alt går etter planen, blir Ole Reitov å finne blant foredragshaldarane på årets Førdekonferanse som vert arrangert i samband med festivalen.

Festivalen samarbeider også med Grappa musikkforlag som planlegg CD-utgjevinga “Listen to the banned” i samband med Music Freedom Day 3. mars.

Fullstendig program for festivalen blir lansert 22. mars, men det er allerede booket masse spennende artister. Sjekk de her.

(Foto: Aurelio Martinez fra Honduras/Pressemelding: Førdefestivalen)

Comments

Hva mener du?





Bottom