Den norske Pat Metheny – på veg til festivalar
September 24, 2009
Hardanger har ikkje berre forfattar, skodespelarar og programleiarar, men også verdskjende komponistar…
Tekst og foto: Thore Eithun Helland
… Som Geirr Tveitt, og solide musikarar i alle genrar, som til dømes Arild Helleland, Geir Botnen og Hedi Marie Vestrheim. I tillegg har regionen det norske svaret på den amerikanske gitaristen Pat Metheny i Gisle Torvik, som endeleg har kome ut med den vanskelege andreplata etter ti års venting.
På Herr Nilsen i Oslo var det måndag 21. september 2009 sleppefest for albumet ”Frozen Moment” som Torvik har gjort i samarbeid med særleg Hilde Norbakken, men også Inge Stangvik.
Begge vokalistane var med på scena, der eit fullt lokale kunne få med seg ein solid konsert av ein gitarist som både har fingrane og øyrene med seg.
Jamvel om plata i utgangspunktet kunne ha vore spelt inn i eit studio i Los Angeles eller i Greenwich Village, er det likevel eit umiskjenneleg drag av nordisk melankoli og frost i låtane, akkurat som ein finn i platene til Mari Boine, Jan Garbarek og ikkje minst Terje Rypdal.
Slik går Torvik rett inn i ein lang og stolt nordisk jazztradisjon som er verdskjent.
Derfor er det sikkert at Gisle Torvik og Hilde Nordbakken vil dukke opp på fleire jazzfestivalar i Noreg til neste år. Det er berre eit spørsmål om kva festivalar det blir.
Torvik kunne opplyse at ein er i forhandlingar med fleire arrangørar, då eg snakka med han etter konserten, men han ville ikkje kome med konkrete namn.
Han var berre lykkeleg over at sleppekonserten hadde gått så bra.
No håpar han på eit god sal i platebutikkane – og ikkje minst på iTunes.


_turkis.jpg)

-2.jpg)

Comments
Hva mener du?