Top

Målrock 2009 – ein suksess

August 12, 2009

bjorneidsvaag_250

Der fjorden sluttar begynner Meieriparken i Årdalstangen. Der blei Målrocken halden 7. og 8. august utan at det kom ein drope regn på artistar eller publikum. Mens skyene segla forbi dei bratte fjella, kom bygdefolk og tilreisande til festivalområdet for å høyre musikk, treffe gamle kjende – eller berre for å feste to seinsommarnetter.

Tekst og foto: Thore Eithun Helland

Under teltdukane sat folk tett på benkane, mens andre trykte seg saman framfor den store og den vesle scena.

Fredagen

Publikum var yngre denne kvelden og brukte tid til å drikke seg opp før Turboneger kunne entre den store scena ein time over midnatt som siste band ut. Bandet syng på engelsk, og vidare omtale blir derfor ikkje nødvendig.

Den nye vokalisten i Vamp

Det er vanskeleg å skrive om Nordsjø-bandet Vamp utan å kome inn på vokalisten. Sjefen i bandet, Øyvind Staveland, må ha rive seg i dei lyse krøllane over dette ustabile, men sentrale elementet, i sounden til bandet.

vamp_2_500

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om han kunne, ville han nok ha surra Jan Toft evig fast til masta. Toft syng med nervane utanpå huda, som om det er like før han skal avsløre noko han har bore med seg i mange år.

vamp_500

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den andre vokalisten, Vidar Johnsen, var berre på kontrakt i den tida han var med i gruppa, men han tilførte sounden ei rå kraft. Og han sette spor etter seg både gjennom den nesten brutale framferda, og gjennom dei låtane han skreiv.

Av forskjellige grunnar ønskte ikkje Staveland å inngå ein ny kontrakt med Johnsen, og han måtte leite på nytt. Det førte til at Paul Hansen fekk jobben med å framføre dei gamle songane, og syngje dei nye. Men han manglar så langt den personlege tyngda som dei to andre. Men med nokre tørrleggingar og eit par skilsmisser bak seg burde også han få den korpusen i stemma som gjer at han fyller skorne til forgjengarane og meir til.

Bandet har mange trufaste tilhengjarar, også på Årdalstangen, og fansen fekk dei fleste songane som var ønskt, men noko av den særmerkte magien var ikkje til stades fullt ut denne kvelden, og det gjorde konserten flatare enn den kunne ha vore om verda hadde vore perfekt.

Helene og gutta

Helene Bøksle spelar ei sofistikert blanding av pop og folkemusikk. Og for den som saknar Gåte og Gunnhild Sundli, er det berre å kome seg på konsert – og kjøpe dei platene som finst med den sørlandsblide jenta.

helene_bokse_500

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ho stilte på den vesle scena saman med dei profesjonelle gutane sine og leverte eit svært oppgåande sett på alle musikalske måtar. Det var synd at publikum ikkje fann den same interessa i henne som i Vamp. Ho og bandet hadde reist heilt frå Mandal same dagen, utan at det fekk publikum til å samle seg i større mengder for høyre denne særlege musikkmiksen. Men det var den natta vi hadde saman med Helene og gutta, og den gløymer vi ikkje så lett.

Postgirobygget står støtt

For alle som kom for å få med seg Oslo-bandet Postgirobygget, var det ingenting som mangla for å få kvelden fullkomen. Bandet leverte dei store slagerane sine. Om tekstane kan bli etter måten enkle og låtane trivielle, hadde det mindre å seie for publikum som trykte seg saman framfor scena mens mørkret la seg rundt bygda og gjorde at lysutstyret til bandet kom til sin sanne rett.

Tyyl – Sogns svar på Queens of the Stone Age

Den unge bandet frå Fardal utanfor Sogndal entra den vesle scena med fleire tonn sjølvtillit. Frå første akkord dundra bandet ut eigne låtar på brei sognedialekt. Her var det inga kjære mor. Med ein sound som minna om ei kryssing av Queens of the Stonge Age og Wolfmother rulla bandet over publikum.

tyyl_500

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette var ei svært positiv overrasking for mange, og det er berre å vente på at bandet skal gå i studio for å gjere musikken kjent for eit større publikum.

Laurdagen

Publikum var eldre denne kvelden. Mange hadde dressa seg opp for å kome seg på festival. Vêrvarslane sa at det skulle bli regnvått, men i staden blei det varmt, av musikk og glade menneske. Årdølingane har ein likefram veremåte som viser at dei er vande med å omgåast kvarandre både i fabrikkhallane og under festlege samkomer.

Bjørn Eidsvåg avslutta turneen

At rockepresten Bjørn Eidsvåg også skulle vere skapkøntrifan og tilhengjar av Bobby Bare, var ukjent for ikkje få. Og at han skulle ha med seg eit så gjennomkompetent band til sognebygda var også noko som kom som ei positiv overrasking. Bandet var så bra at den store bjørnen nesten blei borte i grom vellyd. Her var ein tangentmann med eit eige Leslie-kabinett, og på andre sidan av scena stod ingen ringare enn Geir Sundstøl omgitt av ein pedalsteel, ein dobro og fleire gitarar.

bjorneidsvag_band_500

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette var ei verdig avslutning på ein tre veker lang turne. Det var berre rimeleg at det måtte bli ein fest for alle etterpå, både for publikum og bandet. Ein etablert artist kunne tørke sveitten ut av de gråande skjegget i trygg forvissing om at fanskara i Sogn ikkje kunne bli mindre etter denne kvelden.

Strupetakkarane

Så kom endeleg det lokale innslaget. Ein gjeng glade amatørar fekk den vesle scena til rådvelde for å framføre klassikarar på lokal dialekt og med akkurat den lokale brodden i tekstane som fekk folk til å humre og le på rette måten. Og bandet hadde både kvinneleg bassist og to trommeslagarar, i tillegg til to vokalistar. Dette er eit innslag som festivalen burde ha med også til neste år.

The Eagles på sogning

Mange denne kvelden hadde venta på urframføringa av prosjektet til årdølingen Øyvind Lægreid. Han ville halde ein konsert med songar av The Eagles, men dei skulle vere framførde på nynorsk og sogning. Han oppmoda alle om å medverke med tekstmateriale, og tekstar fekk han inn. I tillegg skreiv han sjølv, og han framførte også ein av tekstane der han sat bak trommene. For draumen blei til røyndom. Lægreid kunne styre orkesteret sitt ut på den store scena og telje opp.

the_eagles_sogn_500

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lægreid hadde hyra inn både kjende og mindre kjende musikarar til gjennomføre prosjektet. Dei mest kjende var Olav Stedje, Svein Dag Hauge og Per Hillestad. Problemet med dette grepet var å få samla alle musikarane til øving. Først dagen før konserten var nesten alle samla til ei arbeidsøkt på ti timar, og timar før oppstart blei det tid til ei økt.

Det er ikkje til å leggje skjul på manglane øving og samkøyring til ein viss grad prega konserten. Olav Stedje måtte stille med notestativ og briller på nasen fordi han ikkje hadde lært seg tekstane, og gitaristen Svein Dag Hauge hadde nok med å kome seg gjennom dei oppgåvene han hadde fått tildelt. Han blei på ein måte spelt utover sidelinja av dei to andre gitaristane, Inge Ronny Årøy og Nils Einar Vinjor. Og Stedje blei i grunnen sett i sjakk matt av dei kvinnelege vokalistane i bandet, ikkje minst av Monica Hjelle, som ikkje berre hadde lært seg teksten, men som også kunne framføre songane med intensitet og truverd.

Trass denne innvendinga er det til å slå fast at prosjektet blei vellykka. Det verka som publikum tok vel imot songane med den lokale språkdrakta. Bandet stod løpet ut til den norske versjonen av ”Hotel California” – Hotell Kaldehola – var ferdig. Og over var festivalens høgdepunkt, for mange begynte å tusle heimover ikkje lenge etter.

Prosjektet var rett og slett så vellykka at Øyvind Lærgreid definitivt burde få eit nytt oppdrag med å presentere eit anna større band med tekstar på sogning og nynorsk under neste års festival. Men han kan kanskje med fordel ta ut dei mest kjende musikarane, som likevel har nok å halde på med andre stader. Han burde heller setje saman eit orkester av dei mange og dyktige lokale musikarane i Sogn, han sjølv inkludert.

Valkyrien Allstars

Den 31. august har Valkyrien Allstars ute eit nytt album som burde vere interessant for alle som liker Gåte og Helene Bøksle. Bandet spelar ei særleg blanding mellom folkemusikk, jazz og pop som har visse likskapar med dei nemnde artistane. Dei tre medlemmane, Tuva Livsdatter Syvertsen, Ola Hilmen og Erik Sollid, er utlærde folkemusikarar med hardingfele som hovudinstrument, men når dei set i gang, svingar og rullar det av stad på ein måte som få andre gjer etter, iallfall ikkje i folkemusikkmiljøet.

valkyrien_allstars_500

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var synd at bandet var plassert på den vesle scena. Energien rundt medlemmane, som hadde hjelp av ein bassist og ein trommeslagar, nådde berre nokre meter ut frå scenekanten. På avstand mista mange interessa og i staden vende seg til sidemannen for ein prat.

Neste gong burde bandet plasserast der ei skikkeleg skjoldmøy skal stå, høgt oppe og med vid utsynd over valplassen og fjorden.

Keisarane brende av resten av krutet

Skramlekarane frå Jæren fekk den fortente æra av å slutte den vellykka festivalen på sin eigen måte. Dette er eit band som har det rette forholdet til språk og dialekt. Her gir ein ikkje noko ved dørene, her gir ein alt og meir til for å nå ut til publikum og til resten av bygda. Deira tilbakekomst var som den skulle vere, men tankane gjekk likevel til den gongen dei spelte for 60 000 på oransje scene på Roskilde, då var dei verkeleg keisarane av Norden.

Comments

Hva mener du?





Bottom
Follow festivalmagasin on Twitter Subscribe with Bloglines Blogglisten