Rock mellom høge fjell
July 27, 2009
For sjuande gong blir det arrangert rockefestival så langt inne i Sognefjorden som det mogeleg å kome. Målrocken ramlar av stabelen 7. og 8. august på Årdalstangen, og den som ønskjer å kjenne saftige rytmar som ekko mellom nesten tusen meter høge fjell og ein fjord som er over tusen meter djup, må ta turen til denne industribygda…
Tekst: Thore Eithun Helland
… Som får tankane til å gå til tunge rockbyar som Sheffield og Birmingham i England.
Det blir skramlerock med Kaizers Orchestra og rølperock med Turboneger, det blir kristenrock med Bjørn Eidsvåg og nordsjøviserock med Vamp, og det blir felerock med Valyrien Allstars og oslopop med Postgirobygget. I tillegg kjem barske Tyyl og Strupetakarane – og ikkje minst vakre og talentfulle Helene Bøgsle.
Varemerket til denne festivalen er satsinga på norske band og artistar, norske tekstar, helst på dialekt og nynorsk. Det er ikkje noko mindre enn ein liten sensasjon at festivalen har eit eige, spesiallaga prosjekt for å få fram dette føremålet.
Øyvind Lægreid har fått med seg andre sognemusikarar til å framføre tolv songar på nynorsk og sognedialekt i eit band som kallar seg Eagles på norsk.
Bandet vil framføre eit dusin klassikarar av det legendariske californiabandet The Eagles, og i bandet er sjølvaste Olav Stedje på vokal, Svein Dag Hauge på gitar, Per Hillestad på perkusjon, Inge Ronny Årøy på gitar, Bjørn Tore Årøy på tangentar, Nils Einar Vinjor på gitar, Reidar Skår på tangentar, Øyvind Lægreid på trommer, Kjell Hestetun på bass, Monica Hjelle på vokal og kor samt korist Julie Ervik.
Både bandmedlemmar og andre sogningar, både innflytta og utflytta, har gjendikta og skrive om dei engelske tekstane som ein kan finne her.
Meir informasjon om festivalen:
- Målrocken, 07.-08. august 2009


_turkis.jpg)

-2.jpg)

Fin omtale av Eagles på norsk, som forresten av mÅlrock-arrangøren er omdøypt til “eagles på sogning”, hehe, samma det, men: Men, det har uteblitt ein vokalist (Trine Marie Joansen), som til saman hadde gjort oss til 12 band-medlemmer, ho har blitt sjuk, og i staden har det kome inn ei ny vokal/kordame, som heiter Ingebjørg Eik. Det er også viktig å understreka at dei tre “kordamene” har lead-vokalrollar. Les meir om dette på heimesida http://www.123hjemmeside.no/eaglesmaalrock09
Mvh Øyvind